SOMMAREN ER I GANG…

Nytt terrasseanlegg og oppgradering av hage vinteren 2024.

…og det nye hageanlegget vårt er populært blant gjester frå hele verda…

Me har hatt besøk av utruleg mange nasjonalitetar i sommar, høyr berre her:
Spanjolar, franskmenn, tyskarar, hollendarar, engelskmenn, amerikanarar, tsjekkarar, koreanarar, nordmenn og mange fleire….felles for dei alle er at dei likar svært godt det nye hageanlegget vårt, der dei kan sitja ute og kosa seg med noko godt i glaset til langt på kveld, sidan me også har terrassevarmarar.

I spisesalen vår serverer me som oftast ein 3-retters meny om sommaren, som består av suppe, hovedrett og dessert. Me tilbyr tradisjonsrik mat, og me varierer sjølvsagt menyen dersom de bur fleire døgn hjå oss.

Festpynta Brita-stova - når du ønskjer eige lokale.

Brita-stova er sjølvsagt muleg å leiga heile året - også om sommaren. Her pyntar me til fest slik du måtte ønskje, og du kan velgja god middag frå selskapsmenyen vår.

Fint dekka bord i Brita-stova.

Me gler oss framleis over gode temperaturar, sol og sommar, og ønskjer alle hjarteleg velkomne innom oss i sommar, for ein god middag, noko kjølande i hagen eller overnatting.

Neste
Neste

EIN MUSIKALSK LAURDAGSKVELD I JUNI…