HAUSTEN ER KOMEN…

Kveldsstemning frå det nye hageanlegget vårt...

…og september har gjort sitt inntog med mykje fint ver og sommartemperaturar…

Sommaren har vore svært hektisk, men utruleg morosam og gjevande, med ein flott kombinasjon av internasjonale gjester, både bussgrupper og individuelle gjester, samt fleire selskap og jubileum med lokalbefolkninga i fokus.

Me er også svært fornøgde med våre dyktige og engasjerte tilsette, både lokal ungdom og tilflyttarar til bygda. Dei som har jobba hjå oss i sommar, har bakgrunn frå Eritrea, Ukraina, Thailand, Marifjøra og Hafslo, og denne flotte gjengen har verkeleg funne tonen og skapt eit godt miljø hjå oss i sommar.

Ståle informerer om hotellet til ein visningstur i regi av Visit Sognefjord.

Me gler oss til haust og vinter, og fleire bussgrupper, lokale selskap, firmasamlingar, julebord, julemiddagar og andre hyggelege samankomstar frå fjern og nær.

Hjarteleg velkomne til god tradisjonsmat i eit uformelt miljø!

Himmelpudding høyrer med i godt selskap!

Forrige
Forrige

MAGISKE MOLDEN OM HAUSTEN…

Neste
Neste

SOMMAREN ER I GANG…