EIN MUSIKALSK LAURDAGSKVELD I JUNI…

VELKOMEN TIL EIN MUSIKALSK LAURDAGSKVELD 1. JUNI🎵🎶🎻🪗🎶

Komande laurdag har me ikkje mindre enn TO konsertar på programmet…🎶

Den første startar kl. 16.30 og på «scena» står 3 eminente musikarar: Håvard Stensrud, Svein Haugen og Arvid Engegård, på trekkspill, kontrabass og fiolin.

Den andre konserten startar kl. 18.00, og her får publikum høyra Hjelmåskarane- ein glad gjeng med songarar- som vil framføra delar av sitt komande prosjekt «Du og eg – ei musikalsk reise frå ungdom til grå hår».

Prosjektet har premiere til hausten så dette vert første framføring.

Begge konsertane har gratis inngang, og er opne for alle😊

Me har sal av forfriskningar🌸

Hjarteleg velkomne til to fine musikalske opplevingar på ein varm sommarkveld 1. juni☀️😎

Forrige
Forrige

SOMMAREN ER I GANG…

Neste
Neste

PÅSKEMIDDAG I BRITASTOVA PALMELAURDAG