Ein heimleg atmosfære
Du finn Eikum Hotell sentralt plassert ved idylliske Hafslovatnet, langt inne i flotte Sognefjorden. Hos oss skal du få ein heimleg atmosfære, personleg service og god, heimelaga mat.
Eikum har vore i same familie i 100 år, der mat alltid har vore viktig. Spesialiteten vår er, som i 1919, den berømte Himmelpuddingen - godt kjend over heile verda.