SNART TID FOR JULEBORD, JULESTEMNING OG JULESELSKAP…

Me har arrangert julebord i over 50 år, og ser ingen grunn til å bryta tradisjonen i år… Førjulstida på Eikum kan vera idyllisk, med mykje god mat og eit julepynta hotell både inne og ute.

Frå og med midten av november tilbyr me nysteikt ribbe med sprø svor, raudkål, grønsaker og ekte, heimelaga brun saus. Me byr sjølvsagt også på pinnakjøt, kokte poteter og kålrotstappe, gode kjøtkaker og julepølser.

Som dessert anbefalar me sjølvsagt spesialiteten vår, Himmelpudding, i tillegg til mange andre godsaker på dessertbordet.

For bestilling på små og store selskap, ring oss på førehand: tlf. 576 80 600.

Me har god plass i spisesalen for store selskap, og koseleg atmosfære i Britastova for mindre selskap.

Hjarteleg velkomne til god førjulsstemning på Eikum.

Neste
Neste

MAGISKE MOLDEN OM HAUSTEN…