JULEBORDSESONGEN GODT I GANG…

Då er me komne langt ut i desember, og julebordsesongen har holdt det gåande i snart ein månad….me har hatt ein del julemiddagar, selskap og julebord, samt mange fornøgde gjester.

Me har servert m.a. pinnakjøt, svineribbe, lutefisk, roastbeef, rekesalat, ribberull, eggerøre, laks i fleire variantar og alt tilbehøyr som er sjølvsagt…. I tillegg har me tilbydd freistande dessertar, eit julepynta hotell og god julestemning.

D.j. Trym har spela god dansemusikk, og dei tilsette har vore svært flinke. I morgon er det største julebordet vårt, og me gler oss til å ønskja vekomen til 160 gjester. Trubadur Bjarne Lunde kjem til oss for første gong, og me satsar på god dansemusikk og super stemning også i morgon!

Neste
Neste

SNART TID FOR JULEBORD, JULESTEMNING OG JULESELSKAP…