MAGISKE MOLDEN OM HAUSTEN…
Moldenkongen tek ein pust i bakken med sjølvutløysar:)
Moldenkongen og Ståle frå Eikum Hotell anbefalar «MAGISKE MOLDEN» til alle som verkeleg vil sjå Luster, Sogn og Vestlandet på sitt beste i haust👍
Moldenkongen og Ståle på toppen:)
Frå Eikum Hotell er det kun 10 minuttar køyring til parkeringsplassen for Molden, det finaste utsiktspunktet i heile Luster.
Til Molden kjem du deg til fots og med sykkel om hausten. Du må rekna med å bruka omlag 2 timar ein veg, for å nå den mest kjente utsiktstoppen langs heile Sognefjorden.
Solnedgang på Molden, foto: Jan Erik Røneid alias Moldenkongen.
Frå toppen ser du Sognefjorden i alle retningar, og du blir heilt slått ut av den fantastiske utsikta!!
Etter ei slik oppleving passar det fint med overnatting på Eikum Hotell, og ein god middag i spisesalen.
Kalvesteik med kokte poteter, grønsaker og viltsaus.
Eikum er eit familiehotell, som feira 100 års-jubileum i 2019. Det er fjerde generasjon som driv hotellet no, og hotellet har vore i same familie i alle desse åra som har gått. Eikum legg stor vekt på tradisjonsrik mat og ei heimleg atmosfære.
Moldenkongen og Ståle ønskjer hjarteleg velkomen til Molden, «BESTA BØGDI» og Eikum Hotell i fantastisk haustvèr👍