VINTER PÅ EIKUM
Skibygda Hafslo kan by på mangt og mykje om vinteren, og det kan me på Eikum også…
Medan det kan vera surt og kaldt vinterver ute, er det alltid heitt og godt i våre lune salongar inne på hotellet.
Britastova, som er oppattkalla etter oldemor Brita til dagens eigar, Ståle, er ei svært koseleg stove, med bibliotek, tv og piano tilgjengeleg for våre gjester. Dette lokalet er også vårt mest populære selskapslokale til konfirmasjon, barnedåp o.l.
Spisesalen vår, som rommar 150 personar, er ein perfekt base for store selskap, samdans eller den tradisjonelle Fleskadansen, som Sogndal Trekkspelklubb arrangerer hjå oss kvar vinter. I år er Fleskadansen laurdag 1. februar kl. 19.30 - 00.30, og dansemusikken står trekkspelklubbane i Luster, Lærdal/Årdal og Sogndal for.
Me har sjølvsagt også vår tradisjonelle feiring av morsdagen i år, og datoen er 9. februar.
Me tilbyr som vanleg tradisjonsrik mat, på buffet med både varme rettar, minikoldtbord og dessertar. Me byr sjølvsagt også på vår spennande barnebuffet, tradisjonar er til for å følgjast.
Me anbefalar å bestilla bord, sidan det i fjor var ganske så fullt….
Ring oss - 576 80 600 - eller send ein e-post til post@eikum.no, viss du vil sikra deg plass allereie no…
Vinter-helg ilag med Hafslo Bygdalag 28. februar - 1. mars.
Fredag 28. februar på kveldstid har bygdalaget planlagt foredrag med forfattaren Thor Gotaas, som har skrive svært mange bøker, mellom anna boka om Femmila, Birken, Oddvar Brå, Norge: Skisportens vugge og mange, mange fleire. Dette er i samband med Vinterdagen, som finn stad dagen etter, laurdag 1. mars. Då blir Hafslo sentrum og Sogn Skisenter på Heggmyrane fyllt opp med mange aktivitetar, liv og røre, og som vanleg blir det After Ski hjå oss etterpå.
Øvingskonsert med Stardalen Mannskor og Einar Bolstad i mars/april, datoen blir annonsert litt seinare…
Me gler oss til atter ein gong å ønskja dei staute karane frå Stardalen hjarteleg velkomne til Hafslo og Eikum Hotell! Her blir mykje flott song ein fredagskveld i slutten av mars eller byrjinga av april.
Påskequiz med Frode har me også planar om, sannsynlegvis blir dette i palmehelga.
Desse arrangementa er også svært populære, så her gjeld det å vera tidleg ute med påmelding. Me kjem tilbake med endeleg dato også her.
Ja, dette var litt av planane våre for i vinter, men følg med på Facebook-sida vår, og hald deg oppdatert på detaljar der.