AFTER SKI SKJÆRTORSDAG 14. APRIL
Skjærtorsdag 14. april gjentek me suksessen med After Ski på Eikum!
Etter ein lang dag med perfekte forhold i bakken på www.sognskisenter.no, kan ein køyra på skia ned bakkane til Eikum Hotell. Her parkerer ein rett og slett skia utanfor hotelldøra, og tek del i ein skikkeleg fin kveld med lokalbefolkninga og tilreisande til skibygda Hafslo.
Frå kl. 15.30 til kl. 21.00 vrimlar det av glade folk i baren, resepsjonen og spisesalen vår, her er det toppstemning og flott musikk på anlegget. Det blir sal av betasuppe, snacks og god drikke, gratis inngang og aldersgrense 18 år.
Hjarteleg velkomne til ein skjærtorsdag med ein flott kombinasjon av lokalbefolkning og tilreisande frå fjern og nær.