17. mai - feiring på Eikum 2022
Endeleg kan me feira 17. mai igjen på vår tradisjonsrike, gode gamaldagse måte.
Etter 2 år med pandemi, er me berre SÅÅÅ KLARE for å feira nasjonaldagen vår med dykk!
Me har stor 17. mai-buffet med kalde og varme rettar, samt eit freistande dessertbord og ein spennande barnebuffet.
Buffeten står framme kl. 13.00 - 17.30.
Prisar:
Kr. 450,- pr. person
Kr. 200,- pr. born under 12 år
Gratis for born under 5 år
Me gler oss til god 17. mai - stemning, og bordbestilling kan de gjera ved å ringja 576 80 600 eller senda e-post til post@eikum.no.
Hjarteleg velkomne!