Kontakt oss

Telefon +47 576 80 600 | post@eikum.no

Adresse:

Eikum Hotell,
Hafslovegen 166,
6869 Hafslo

 

Om vertskapet

Ståle Kjos-Wenjum er 4. generasjons eigar av Eikum Hotell, fødd og oppvaksen i hotellbransjen, med alle dei mulegheiter og freistingar det kan by på ...

Familien på 5 hadde mange kjekke arbeidsopplevingar ilag i oppveksten, og dei 3 borna fekk servicen inn med morsmjølka. Her var gode møter med spennande gjester frå ulike kulturar, mykje god mat, mange kjekke folk som jobba på hotellet og mykje leik og moro, i tillegg til, etter kvart, hardt arbeid.

Ståle er utdanna kokk, og har studert ved Norsk Hotellhøgskule i Stavanger. Han har solid bransjeerfaring frå norske og tyske hotell, m.a. SAS-hotellet i Oslo, Storefjell Høgfjellshotell og SAS Plaza Hotel Hamburg.

Han ønskjer velkomen inn til «Hotelldrift og Himmelpudding – over 100 år med opne dører».