Familiedrive hotell i over 100 år

Eikum Hotell vart starta opp av Brita og Per Eikum i 1919. Hotellet hadde då to senger, prisen på ein kaffikopp og to store kaker var 0,25 øre, og ein middag kosta 0,50 øre.

I 1922 kom dei første utanlandske turistane til hotellet, og det var 3 engelskmenn: ein general og to oberstar.

Hotellromma vart etter kvart utstyrte med vaskestol med vaskesett (mugge, fat og såpebeger), potte og toalettbøtte inne i eit skåp, og to oljelampar. Prisen for ei overnatting var frå 75 øre til 1 krone og 25 øre, alt etter standarden på rommet. Pensjonsprisen i sommarsesongen, som omfatta 1 rom og 4 måltid, var fire kroner pr. døgn.

Dette var den modige starten på eit familiehotell som i 2023 er over 100 år, starta av noverande eigar, Ståle, sine oldeforeldre.

4 generasjonar har satt sitt preg på denne familiebedrifta, som har sterke tradisjonar med skyssing av turistar i folkevognsbussar, Himmelpudding og tradisjonsmat, samt er plassert midt i smørauga for dei flottaste attraksjonane i Norge.

Meir historie

Jubileumsbok

I 2019 kom jubilumsboka ut, i samband med at hotellet vart 100 år. Boka fortel historia frå den spede starten med utleige av to rom, via en dramatisk brann og fram til hotellet slik ein kjenner det i dag.

Boka er skrive av Frode Olav Haara og utgitt av Selja Forlag.