Familieeigd i 4 generasjonar

Oldemor og oldefar, Brita & Per Eikum, var pionerar i sit fag, starta i det små, og fekk turismen inn på Eikums Hotel, som det heitte den gongen.

Dei starta opp hotellet i 1919, og dei aller første turistane på hotellet var engelskmenn, og dei største attraksjonane var den gongen som no Jostedalsbreen og Sognefjorden.

Bestemor og bestefar- Ella & Sigmund Kjos -Wenjum, vidareførte arven etter foreldra til Ella. Sigmund var drosjeeigar og hestekar, medan Ella var hotellvertinne. Namnet vart endra til Eikum Gjestgiveri, pga hotellova.

Mor og far -Aud & Birger Kjos-Wenjum, flytta heim til Hafslo att etter endt utdanning i 1967, og overtok Eikum Gjestgiveri i 1977, og endra no namnet til Eikum Hotell igjen, på grunn av at Birger hadde fagbrev, og fekk då løyve til å ha "Hotell" i namnet til hotellet.

Birger jobba på Smestad Hotell i Oslo, og gjekk deretter på Norsk Hotellfagskule i Stavanger. Aud var oldfrue på Hotel Continental i Oslo, og seinare på KNA-hotellet i Stavanger.

Ståle-dagens eigar- har brei og variert bakgrunn innan hotellbransjen. Han har i alle feriar jobba på Eikum Hotell, og etter handelskulen gjekk han 1 år på kokkelinja på Luster Vidaregåande Skule, før han vart lærling på SAS Scandinavia Hotel i Oslo. Her fekk han m.a. sølvvinnar frå Bocuse d'or i 1991, Lars Erik Underthun, som sjef. Ståle fekk her fagbrev som kokk. Deretter skaffa han seg erfaring i Tyskland, der han jobba som kokk på Radisson SAS Plaza Hotel i Hamburg. 

Etter eit år i Tyskland, starta han på Norsk Hotellhøgskule i Stavanger, på linja "Hotelladministrasjon". I tillegg til studiene jobba han på Radisson SAS- hotellet i Stavanger og Jans Mat- og Vinhus. I sommarferien frå Norsk Hotellhøgskule, var han Dagleg Leiar ved Hafslo Gjestehus i 2 somrar. Etter opphaldet i Stavanger var han tilsett som kokk på Trescher Schwatzwald Hotel i Titisee, i Tyskland, før han starta som resepsjonist på Storefjell Høgfjellshotell på Golsfjellet.

Ståle jobba også ekstra i restauranten på Pers Hotel på Gol, medan han var tilsett på Storefjell Høgfjellshotell. Ståle byrja i fulltidsjobb på Eikum Hotell i 1998, og overtok drifta av hotellet i 2000.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hotellvogn og drosje