Bygningane
I 1919 kjøpte Brita og Per Eikum eit eldre hus frå nabogarden Tang, og starta gjestestove, med namnet Eikums Hotel.
I 1927 skifta hotellet namn til Eikum Gjestgiveri.
I 1956 hadde hotellet 15 værelser. Dette året brenn hotellet ned til grunnen, og det einaste som vart berga ut frå brannen var kassaapparatet som stod i kafeen. Brannen tok også med seg fire andre hus i sentrum, deriblant kommunehuset.
Hotellet åpnar igjen allereie eit år etter brannen, i 1957, med 19 rom og 35 senger.
På 70-tallet vart hotellet utvida med ny fløy og dei gamle romma blir renovert, slik at alle romma fekk dusj og toalett.
I 1980 vart den nye spisesalen bygd, med plass til omlag 200 personar. Seinare har hotellet blitt utvida ytterlegare og dei gamle romma har kontinuerleg vorte oppussa.