JULEBORDSHELGAR MED GOD JULESTEMNING

Me ønskjer hjarteleg velkomen til ei avslappande førjulshelg med god julemat, heimelaga dessertar, frisk luft i flott natur, rekreasjon i Lustrabadet og dans til god musikk.

Alle gode ting er 3 - og våre 3 offentlege julebord finn stad 3., 7. og 10. desember.


Laurdag 3. desember - DANS TIL MUSIKK AV TORE LEIREN
Me byr på fullt julebord, med god, heimelaga julemat, både kalde og varme rettar, samt eit freistande dessertbord med heimelaga dessertar. Tore Leiren spelar til dans etter etegildet, og her blir god førjulsstemning ut i dei små timar.

Me startar kl. 19.30 med julematen, og prisen er kr. 750,- pr. person.



Onsdag 7. desember - PENSJONISTJULEBORD MED HAGEN & AABERGE
Denne kvelden arrangerer me vårt populære pensjonistjulebord, der me tilbyr varm julebuffet med freistande, heimelaga dessertar. Etter middagen har me vore så heldige å få tak i Odd Hagen og Lars Wilhelm Aaberge, som skal spela til dans for oss denne kvelden.

Me startar allereie kl. 18.00 med julebuffeten, og prisen er kr. 525,- pr. person.

Laurdag 10. desember - DANS TIL MUSIKK AV ODD TORE MOEN

Ein av våre mest populære kveldar for julebord, der svært mange samlast til god julemat og drikke. Me har både kalde og varme rettar med heimelaga julemat, samt eit svært freistande dessertbord med heimelaga dessertar. Når folk er gode og mette - kanskje til og med litt for mette - er det klart for dans med god musikk av Odd Tore Moen.

Me startar kl. 19.30 med julematen, og prisen er kr. 750,- pr. person.

Me har gode tilbod på overnatting i samband med julebord - ring oss for meir informasjon: 576 80 600.


Hjarteleg velkomne til god julestemning både inne og ute, god heimelaga julemat og flott dansemusikk i koselege omgjevnader.

Forrige
Forrige

GODT NYTTÅR - OG VELKOMEN TIL HAFSLO

Neste
Neste

JULEBORD I OVER 50 ÅR